I går så eg eit fantastisk program. Programmet vart kalla Ei iskald verd. Ikkje ante eg at eit naturprogram frå dei arktiske farvatn kunne more meg så mykje. I løpet av den snaue timen programmet varte vart eg både skremd, sjarmert og fascinert. Sjeldan har eg vel ledd så mykje som når keisarpingvinane kom opp frå vatnet, gode og runde og klar for den lange marsjen mot varmare strøk. Programma ligg på nett-TV og er vel verd ein titt!
Nokre av oss vart meir sjarmert av pingvinane enn oss andre. Kommentaren "en sånn mann vil jeg ha" er vel eit tydeleg teikn på det?
4 kommentarer.:
Åhhh, gledar meg allereie til sundag! Pingvinar! <3
Nynorsk!!!
Nynorsk, meir enn statskanalens undertekstar.
Mykje meir enn øydelagte oppvekstar.
Legg inn en kommentar